Tid og stad: 05.09, FuS -
Skal du lansere ein ny idé til marknaden for første gong, må du ha tenkt gjennom heile forretningsløpet. Du treng ein forretningsmodell.
Dette er eit introkurs i forretningsmodellering med forretningsutviklar Roger Ulvestad i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Send ein e-post til post@fussogn.no for å melde deg på, eller kontakt oss for meir informasjon.
Forretningsmodellen kjem først
Tenk om du kunne vise planen for bedrifta di og korleis du skal tene pengar på eit ark. Det kan dette kurset hjelpe deg med! Forretningsmodellen skal svare på spørsmål som:
- Kva skal du levere?
- Kven er kunden?
- Kven er vener og konkurrentar?
- Korleis skal du selge?
- Korleis skal du ta betalt?
- Korleis skal du levere?
Vi anbefalar at du startar med å lage ein forretningsmodell i staden for å starte med forretningsplan. Diskuter forretningsmodellen med både medarbeiderne dine og oss i Sogn Næring og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.
Banken, potensielle investorar og offentlege støttespelarar vil forlange at du har ein gjennomtenkt forretningsmodell før du kan få finansiering og anna støtte.
Slik lagar du ein forretningsmodell
Det er mange framgangsmåtar for å lage forretningsmodellar. Her er ein metode vi har god erfaring med.
Business Model Canvas-metoden
Business Model Canvas, ofte kalt Osterwalder-modellen, består av 9 ni byggeklossar. Dei hjelper deg å kartlegge kundesegment, verdiløfte, kanalar, kunderelasjonar, inntektsstraum, ressursar, kjerneaktivit, partnarar og kostnader.
Denne videoen viser korleis du lagar ein forretningsmodell etter Business Model Canvas metoden: