10 deltakarar og dobbelt så mange idèar

Ein til to goner i året inviterer Innovasjon Noreg til “frå idè til marknad” i Sogndal. Dette kurset er Innovasjon Noreg sitt møtepunkt med kundar, og i tillegg til speed-dates så går dei gjennom lean start-up og tema:

  • Korleis teste og utvikle idèen din for å maksimere sjansen for å lukkast? Forretningsmodellering.

  • Korleis lage ei lettfatteleg skisse over forretningen din? Finansiering og Innovasjon Noreg si rolle for grûnderar

  • Korleis søke midler fra Innovasjon Norge til å teste og videreutvikle idéen din?

I tillegg til at deltakarane får høve til å speeddate Innovasjon Noreg og eventuelt andre personar med ulike roller i verkemiddelapparatet.

Fekk du ikkje med deg kurset, og ynskjer å vite meir om dette? Ta kontakt med oss i i FuS, så inviterer vi gjerne til eit gründermøte der du får vite meir om det lokale og regionale tilbodet til gründerar.

Kor mange lukkast?
Deltakarane fekk svar på det dei lurde på og meir til. Veit du for eksempel kor mange som lukkast med ei bedriftsetablering av alle som startar opp?

Skjermbilde 2018-09-24 kl. 12.08.08.png

Av 100 start-ups så lukkast 25. 8 gjer mindre endringar og 16 fører til radikale skilnader

Tenker du at det er eit stegivs utviklingsløp berre du bestem deg får å etablere bedrifta? Det er ikkje heilt slik, kunne Innovasjon Noreg fortelje, og synte fram denne illusjonen på kva røynda for nyetablerte eigentleg er:

Skjermbilde 2018-09-24 kl. 12.19.27.png

Nøgde deltakarar

“Frå idè til marknad“ er for alle som har ein idè eller berre lyst å vite meir om det å starte for seg sjølv: Studentar, ingeniørar i tech-bedrifter og økonomar var berre nokre av deltakarane på samlinga i september.

42441906_852685278271999_555012677764644864_n.jpg
Jørgen Berg i Innovasjon Noreg stod for det faglege innhaldet.

Jørgen Berg i Innovasjon Noreg stod for det faglege innhaldet.

Lisbeth Bringeboen