50 personar på kurs om marknadsføring i sosiale medium

- Kurset er interessant og nyttig, og vi har fått gode tilbakemeldingar på kurset tidlegare, seier Ingvild Andersen, rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, som har hovudansvar for satsinga på www.driftig.no, gründerkurs og kompetanseheving for gründerar.

Kurset fokuserer på korleis sosiale medium kan nyttast til marknadsføring, og kursleiar er Linda Kragseth, leiar for digital marketing i Keyteq.

Var du ikkje ein av dei 60 personane som deltok? Du kan likevel få med deg kurset, då fylkeskommunen har strøyma det tidlegare, og grunna høg etterspurnad vert kurset gjort tilgjengeleg igjen på facebooksida til driftig.no.

Nøgde deltakarar
- Eg tykkjer det positivt at fylkeskommunen tilbyr kompetanseheving til gründerar og andre interesserte, seier Gudvin Haraldsson. Han er dagleg leiar på Joker i Balestrand og nyttar SoMe til dagleg for å auke sal i bedrifta.

Kurset var delt i tre bolkar, og  deltakarane lærte om alt frå generell informasjon om facebook og instagram, til annonsering med ulike segementeringsmogelegheiter og annonseformat til måling og analyse av aktiviteten.

40221134_2160342294218762_4714584046041038848_n.jpg

Mange deltakarar

40293487_290747128371599_8436503035743567872_n.jpg

Kurset er tidlegare strøyma

Opptak finn du på facebooksida til driftig.no

40275215_2203141709970122_5236279395475259392_n.jpg

Tenkt aktuelt, opplysande og morosamt!

Lisbeth Bringeboen