Byggearbeid utanfor FuS-lokala

Frå måndag 29. oktober vert vegen mellom Stadionbygget og kaffibaren til Saman, utanfor Innovasjonsbygget, heilt stengt på grunn av gravearbeid. Det vert gjennomgang gjennom Stadionbygget på dagtid. Statsbygg oppgjev at det vil verte tatt hensyn til behov for rømming av innovasjonsbygget.

Stenginga vil truleg gjelde fram til 3. desember. Ny veg forbi Bragebygget vil verte opna 3. desember.

Her vil det verte stengt for gåing framover. Foto: Screenshot Veidekke

Her vil det verte stengt for gåing framover. Foto: Screenshot Veidekke

Lisbeth Bringeboen