FUS - også for etablert næringsliv!

FUS skal vere smeltedigelen der næringsliv, gründerar, forsking og utdanning, verkemiddelapparat, og fleire, møtest. Vi tilbyr eit utviklingsmiljø - og vi må gjere det saman.

Eit stort miljø med ulike aktørar er det vi ynskjer i FUS, og det vi trur vil bidra til å skape gode prosjekt, nettverk, betre arrangement og gode samlingsplassar!

No inviterer vi alle næringsdrivande til å vere del av miljøet - og tilbyr tre ulike pakker næringslivet kan vere del av:

1) Leige av kontorplass
- Fast, 1 dag i veka, eller 50 % uspesifisert
- Fri bruk av møteromma tilsvarande avtala
- Tilgang til arrangement
- Logo på inngongen til FUS og nettsida som syner at de er del av nettverket
- Prisliste

2) Møterom
- Tilgang til å booke møteromma inntil 2 timar i veka
- Tilgang til arrangement
- Logo ved inngongen til FUS og nettsida som syner at de er del av nettverket
- Pris: 2000 kr i månaden

3) Sponsorbedrift
- Namnsette og dekorere eit eige møterom med frosting på døra, bilete/plakat/info på vegg i møterom, vimpel på bordet, logo ved inngongen til FUS
- Tilgang til å booke møteromma inntil 20 timar i veka
- Tilgang til arrangement
- Logo på døra og nettsida som syner at de er del av nettverket
- Pris: 75 000 kr pr år pr møterom

Er dette noko for deg? Ta kontakt med oss for meir informasjon!

FUS er også svært interessert i å få tilbakemeldingar om dette er dei rette pakkene å tilby etablert næringsliv, eller om det er andre tenester næringslivet ynskjer!

Lisbeth Bringeboen