Hjå FuS drikk du kun kaffi frå Sognefjord Kaffibrenneri

Visste du at FuS har kaffiavtale med Sognefjord Kaffibrenneri? FuS låner kaffimaskin av brenneriet, og gründer Kjetil Russenes kjem og fyller på kaffibønner når det trengst. Dermed kan FuS alltid tilby ny, spennande og fersk kaffi til alle som har kontorlokaler i FuS eller er på besøk hjå oss.

Visste du at og Sognefjorden Kaffibrenneri har opent kvar torsdag i Fjørevegen 22? Då kan du få Tour de kaffi - som er omvisning i lokalet og informasjon om kaffibrenning! Av og til held Sognefjorden Kaffibrenni kaffismaking også - då får du prøvesmake alle sortane dei har på lager!

Meir informasjon på nettsidene til Sognefjord Kaffibrenneri

Kaffismaking hjå Sognefjord Kaffibrenneri.

Kaffismaking hjå Sognefjord Kaffibrenneri.

Guest User