Kva må til for å lukkast i Årøyelva med kvalitetsturisten?

Knut Munthe Olsen, 9. generasjon grunneigar av Årøyelva, satsar på laksefiske for små grupper. Sidan midten av 1800-talet har sportsfiskarar kome til Årøyelva – engelske lorder, tyske baroner, indiske fyrster, bergenske kjøpmenn, konger og prinser.

Produktet Årøyelva er standardisert og kunden får elva for seg sjølv med fire stenger, guide, fullpensjon, vert og kokk, fortel han.

Kva må til for å lukkast med lakseturisme og kvalitetsturisme?

Det viktige er å vere seg sjølv, vere tett på, ha eigarskap til produktet, og tenke stort og gjere smått. Tydlege råmer og reglar er ikkje motstridande med god service. Og vi har gode og lojale kunder – frå sesongen 2017 til 2018 er det berre tre nye besøkande.

- Knut Munthe Olsen

FuS takkar for eit spennande foredrag!

47167351_270383650308821_8217214869036859392_n.jpg
Skjermbilde 2018-12-06 kl. 14.18.37.png
Guest User