Nyttig økt i forretningsmodellering

Sist veke arrangerte FuS eit introkurs i Forretningsmodellering med forretningsutviklar Roger Ulvestad i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Kurset var opent for alle og gratis. Det var 6 deltakarar på kurset, og alle var godt nøgde med økta!

Fekk du ikkje med deg kurset? Ynskjer du at vi skal arrangere eit til? Ta kontakt med oss på post@fussogn.no for ein prat!

Kort om innhaldet i kurset

Forretningsmodellen kjem først! Tenk om du kunne vise planen for bedrifta di og korleis du skal tene pengar på eit ark. Forretningsmodellen skal svare på spørsmål som:

  • Kva skal du levere?

  • Kven er kunden?

  • Kven er vener og konkurrentar?

  • Korleis skal du selge?

  • Korleis skal du ta betalt?

  • Korleis skal du levere?

Vi anbefalar at du startar med å lage ein forretningsmodell i staden for å starte med forretningsplan. Diskuter forretningsmodellen med både medarbeiderne dine og oss i Sogn Næring og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Banken, potensielle investorar og offentlege støttespelarar vil forlange at du har ein gjennomtenkt forretningsmodell før du kan få finansiering og anna støtte.

Slik lagar du ein forretningsmodell

Det er mange framgangsmåtar for å lage forretningsmodellar. Her er ein metode vi har god erfaring med.

Business Model Canvas-metoden

Business Model Canvas, ofte kalt Osterwalder-modellen, består av 9 ni byggeklossar. Dei hjelper deg å kartlegge kundesegment, verdiløfte, kanalar, kunderelasjonar, inntektsstraum, ressursar, kjerneaktivit, partnarar og kostnader.

41068572_1176629572486458_3826371142642302976_n.jpg
Gode diskusjonar og nyttig økt i Forretningsmodellering!

Gode diskusjonar og nyttig økt i Forretningsmodellering!

Lisbeth Bringeboen