Påfyll til biblioteket i FUS - "Klatrefører for Sogn og Fjordane"

FuS har fått den nye klatreføraren for Sogn og Fjordane! Det ligg eksemplar av den både i FUS i og i fellesarealet i 2. etasje i Innovasjonsbygget.

- Det er dobbelt så mange klatreruter i fylket no som det var i 2011, så då var det behov for å kome med ein ny klatreguide, seier Ole Karsten Birkeland.

- Berre frå Kvam i Sogndal, som er det største klatrefeltet i Noreg, er det over 400 ruter beskrive i den nye klatreguiden, fortset Birkeland.

Saman med Tobias Brodahl og Robert Tellvik har Birkeland skrive om og teke bilete av 1000 klatreruter i Sogn og Fjordane, informasjon om kor dei er og korleis ein kjem seg dit. Den førre utgåva av «Klatrefører for Sogn og Fjordane» kom i 2011 og vart trykt opp i 2000 eksemplar. Den er utsolgt for lengst, så det var på tide å kome med ein ny klatreførar.

-No er det solgt litt over 500 bøker frå det første oppslaget på 2000 eksemplar av klatreguiden, seier Birkeland. 

Nytt til denne utgåva er at boka også blir tilgjengeleg som mobilapp. Der kan klatrarar kjøpa heile boka eller einskildkapittel. Boka er på både norsk og engelsk.

Tusen takk til Ole Karsten Birkeland for klatreføraren til FUS.

Klatreføraren vart støtta med ei løyving frå næringsfondet til Sogndal- og Leikanger kommune på kr 50 000 i år 2017.

 

Ole Karsten Birkeland med Klatreføraren for Sogn og Fjordane. Foto: FUS

Ole Karsten Birkeland med Klatreføraren for Sogn og Fjordane. Foto: FUS

Guest User