Vil du vite meir om dei ambisiøse planane til Vitensenteret?

Inhaldsutviklar Stein Joar Hegland og prosjektleiar Marianne Jevnaker kjem til FuS 13. novemeber kl 11:30 for å fortelje om status for Vitensentreret på Kaupanger og korleis dei arbeider med utvikling av innhald i senteret.

Eit vitensenter er eit populærvitskapeleg opplevings- og læringssenter innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi der dei besøkande lærer ved å eksperimentere sjølve. Vitensentra retter seg mot barnehagar og skuler og ålmenta. Vitensentra har kompetanse i interaktiv formidling og kan vere ein ressurs for lærarutdanningane. Det er ti vitensenter i Noreg.

FuS ynskjer velkomen til eit spennande lunsj-foredag! Ta med nistepakka om du vil!

Skjermbilde 2018-11-06 kl. 10.01.58.png
Lisbeth Bringeboen