Vitensenteret ynskjer innspel!

Denne veka var innhaldsutviklar Stein Joar Hegland og prosjektleiar Marianne Jevnaker i FuS for å fortelje om status for Vitensentreret på Kaupanger og korleis dei arbeider med utvikling av innhald i senteret. Dei ynskjer innspel til innhald av senteret!

Forprosjektet har fokus på nokre arbeidstema, i tillegg til bærekraftmåla.

Skjermbilde 2018-11-13 kl. 13.14.38.png


Eit vitensenter er eit populærvitskapeleg opplevings- og læringssenter innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi der dei besøkande lærer ved å eksperimentere sjølve. Vitensentra retter seg mot barnehagar og skuler og ålmenta. Vitensentra har kompetanse i interaktiv formidling og kan vere ein ressurs for lærarutdanningane. Det er ti vitensenter i Noreg.

FuS takkar for det spennande foredraget!

46146892_308011183368981_8822713938178211840_n.jpg
Lisbeth Bringeboen