Back to All Events

Frukostmøte om marknadsmogelegheiter i Finland!

Onsdag 6.juni 2018 09:30 - 10.30

FUS er invitert av Innovasjon Noreg til å vere med på frukostmøte om Finland!

Finland er eit spennande land for norske bedrifter. Landet har blitt ein global trendsettar innen teknologi og design og har ei interessant start-up scene vi kan lære utav.

Godt integrert i verdensøkonomien har vår nabo i aust store marknadsmulegheiter innan mellom anna helse, ed-tech, forsvarsteknologi, energi og miljø, maritim industri og LNG.
Vi trur det kan vere spennande for bedrifter i Sogn og Fjordane å høyre meir om dette. Leiaren på Helsinki-kontoret til Innovasjon Norge kjem til Sogndal 6.juni og vil fortelje meir. Vi vil også prate litt om det å gjere forretningar i Norden generelt og gå inn på dette med forretningskultur, språkutfordringar og kanskje avlive ei myte eller to om det å gjere forretning i Finland.

I påmeldinga er det mulegheiter til å booke individuelle møter med Anna Salmensaari, leiar Innovasjon Norge Finland for å diskutere korleis Innovasjon Norge kan bistå deg vidare.

Tid: 10-11.30 (registrering frå kl 09.30)
Stad: Campus, 2. etg Innovasjonsbygget, fellesarealet.

Meir informasjon og påmelding.

Skjermbilde 2018-05-29 kl. 11.20.21.png
Later Event: June 6
Nakketrening