- Nettverk av gründerbedrifter og etablert næringsliv

Om

gründerfellesskapet FUS

Grunderkontoret_Campus_1471.jpg

Kva er FUS?

FuS er kontorfellesskapet for gründerar og etablert næringsliv på Campus Sogndal . FuS tilbyr eit aktivt nettverk og god støtte. Du får tilgang til rådgjevarar, mentorar, faglege- og sosiale arrangement, og sjølvsagt kontorfasilitetar og møterom.

I retur ønskjer vi at alle deltek i fellesskapet, er dedikert og arbeider målretta.

Grunderkontoret_Campus_1562.jpg

Eit fellesskap

Alle i felleskapet FuS ønskjer fleire flinke gründerar, det er eit av våre fortrinn. Vi får kvarandre fram, ved å gi attende hjelpa vi sjølve har fått. Ofte finn nye medlemmar den første kunden i felleskapet.

Det sterkaste verktyet til FuS er lokasjon av kontorlokala. Du er tett på Innovasjon Noreg, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Sogn Næring AS og Sognefjorden Næringshage - med deira utvida nettverk.

Grunderkontoret_Campus_1549.jpg

Enklare å starte

FUS skal gjere det enklare for gründerar å starte verksemd og drive gründerbedrift i tidleg fase.

Fellesskapet FuS skal gjere medlemmane i stand til å bygge og selje produktet sitt. Støtte, oppstartkapital, introduksjon til potensielle kundar og rådgjevnad skal hjelpa deg med å få gjort dette raskare. FUS vil hjelpe deg å vekse fort og effektivt!

Grunderkontoret_Campus_1498.jpg

Kva får du?

- Kontorplass i nye, flotte lokale
- Tilgang til møterom og mingleplassar
- Internett, skrivar, makuleringsmaskin
- Tilgang til vekentlege arrangement
- Tilgang til FUS-nettverk
- Kaffé frå Sognefjord Kaffibrenneri

Om

lokala

Grunderkontoret_Campus_1479.jpg

Fasilitetar

Det er 22 kontorplassar pr i dag, med plass til fleire om behovet aukar.

5 møterom, 2 opne rom, 3 av romma har skjermar, kontorpult med skåp, skrivemakin, tilgang til kjøken, internett, printar, makuleringsmaskin, kjøleskåp, uteområde, kaffibar osb.

Grunderkontoret_Campus_1721.jpg

Kaffibar

Saman kaffibar ligg vegg i vegg med gründerlokalet FuS. Saman kaffibar serverer enkle lunsjmåltider og fantastisk kaffe. Dei to baristane i kaffibaren er svært interesserte og dyktige i faget sitt

FuS kan bruke kaffibaren til å ete, drikke, arbeide eller netverke. Du treng ikkje vere medlem av FUS for å bruke kaffibaren – den er open for alle!

Grunderkontoret_Campus_1705.jpg

Mingleområde...

...og kjøkken 2. etasje innovasjonsbygget

Midt mellom verkemiddelapparta Innovasjon Noreg, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Sogn Næring og Sognefjorden Næringshage er det et mingleområde med ferske aviser, kaffen frå Sognefjord Kaffibrenneri, kjøkenkrok og verandra.