Back to All Events

Sognefjorden næringshage inviterer på studietur til Italia


Tid og stad: 24. - 28. okt, Italia

Sognefjorden Næringshage inviterer til studietur hausten 2018. Tema for turen er kontinuerleg forbetring, digitalisering og Industri 4.0. Eit meir utfyllande og tilpassa program kjem når Sognefjorden Næringshage veit kva verksemder som vil vere med på tur.

Førebels er programmet å besøke Avery Dennison sin produksjonsavdeling i Ancarano, og deretter dra vidare til området rundt Bologna for å besøke ei teknologiverksemd, ein produksjonsfabrik, noke innanfor bilindustri og ein vingard. Kom gjerne med innspel til andre programpostar!

Sognefjorden næringshage håpar de ynskjer å vere med på ein inspirerande tur der fagleg påfyll og nettverksbygging er sentralt.

Meld deg på så sender Næringshagen deg ein kalenderinvitasjon til arrangementet. Då kan du sjå kven andre som melder seg på, og få oppdatert program.

FuS er målbedrift i næringshagen og har to plassar tilgjengeleg for leigetakarne i FuS til målbedriftspris, kr 9 000.  Ta kontakt med post@fussogn.no for meir informasjon.

Skjermbilde 2018-08-27 kl. 14.43.02.png
Earlier Event: October 24
Frisk Nakke - kun 15 min!
Later Event: October 31
Frisk Nakke - kun 15 min!