Tid og stad: 29. november, Quality Hotell Sogndal
Driftig.no arrangerer temakurs i økonomi! Målet med kurset er å auke økonomiforståinga og gje nokre verktøy inn i arbeidet med å skape oversikt og planlegge økonomien i bedrifta.
Korleis arbeider vi oss gjennom kurset
Vi  vekslar mellom presentasjonar og praktisk arbeid med eigen forretningsidé/bedrift. Vi viser døme på reknearkmodellar som vi kan  nytte i eige arbeid. Og så legg vi opp til mykje dialog og lufting av  eigne problemstillingar slik at kurset vert mest muleg praktisk retta  for deltakar.
Innhald:
Kurshaldar kan tilpasse kurset i høve deltakarane. Døme på tema vi er innom:
- Oppbygging og samanheng mellom resultatrekneskap og balanse 
- Analyse av rekneskapet 
- Viktige nøkkeltal 
- Finne kapitalbehovet, finansieringsoppsett 
- Kva må vi førebu til rekneskapsførar 
- Kva rapportar ber vi rekneskapsførar om 
- Kort om mva, skatter og avgifter 
- Korleis leitar vi etter forbetringar 
- Måle forbetringar 
- Kva faresignal skal vi sjå etter 
- Ulike selskapsformer 
Korleis førebur du deg:
Alle påmelde vil bli kontakta av kursleiar kort tid før kurset. Ta med skrivesaker og gjerne bærbar PC. Vi legg opp til enkel servering, hyggjeleg prat og nettverksbygging.
Kursleiar: Ronny Mowatt frå Mentor AS
 
                        