Back to All Events

Verdas beste laussnø i Sogndal skisenter

Tid og stad: 23.10, 2. etg innovasjonsbygget

Visste du at Sogndal har verdas beste laussnø? Og verdas beste pudder krev både tilrettelegging i naturen, men også ansvar om uhellet er ute. Dette opdraget er gitt til Per Odd Grevsnes, og han kjem til FuS for å fortelje korleis han arbeider med nokre av Sogndals viktigaste oppgåver!

Per Odd Grevsnes er dagleg leiar for Sogndal skisenter Hodlekve, og fagleiar i skredgruppa i Sogn. Grevsnes kjem til FuS for å ta ein “på-sparket-presentasjon” medan vi ventar på det kvite gullet!

Grevsnes vil fortelje om alt du måtte lure på, mellom anna:

  • Korleis ser Hodlekve skisenter ut i dag og kva er under bygging? Blir det eit Kambatrekk neste sesong? Korleis planlegg ein utbygging av skitrekk i høve økonomi eller eventuelle konsekvensar for miljøet?

  • Visjon og hårete mål for Sogndal skisenter Hodlekve?

  • Hyttebygging - kor mange tomar og hytter er det no? Er det plass til meir?

  • Skredgruppa i Sogn - korleis fungerer den? Treng dei fleire folk? Kva må ein vere forberedt på dersom ein melder seg inn i gruppa?

Alle er velkomne!

NB: Ta med nistepakka på lunsjpresentasjonane, så får du fagleg påfyll i lunsjpausen din! Presentasjonen varer omlag frå 1115-1145, og Grevsnes er tilgjengeleg til 12:00 for eventuelle spørsmål og meir diskusjon.

Skjermbilde 2018-10-02 kl. 10.51.46.png

Sogn Skredgruppe er klare om uhellet er ute

Later Event: October 24
Frisk Nakke - kun 15 min!