Back to All Events

Bestill ein forskar - Korleis klimaendringar kan påverke spreiing av miljøgifter fra ureina grunn

Tid og stad: 5.10, Innovasjonsbygget 2. etg

Under Forskingsdagane 19. til 30. september låner Vestlandsforsking ut Torunn Hønsi, og vi i FuS har booka ho til eit spennade lunsj-foredrag!

Todelt tema

Torunn vil fortelje både om korleis klimaendringar kan påverke spreiing av miljøgifter frå ureina grunn, og også om etableringa av et nasjonalt kunnskapssenter på klimatilpassing i Sogn og Fjordane.


Klimaendringar kan påverke spreiing av miljøgifter frå ureina grunn
Ingen har oversikt over dei små og mellomstore giftlagera som finst i alle norske kommunar. Med meir nedbør, flaum og skred fryktar forskarar at gifta blir spreidd ut i naturen.

I juli 2017, etter eit døgn med uvanleg kraftig regn, vart delar av vestlandsbygda Utvik rasert. Fordi ekstremregnet var ultra-lokalt, slapp nabobygda Innvik unna med få skadar. Hendinga var spesiell for klimaforskar Torunn Hønsi ved Vestlandsforsking, som nettopp denne sommaren hadde kartlagt kjelder til miljøgifter nettopp i denne kommunen – Stryn. Medan ho i Utvik berre hadde funne ei enkelt kjelde til miljøgifter, hadde ho plotta inn heile 7 prikkar i nabobygda Innvik. Prikkane på kartet var samla kring elvemunninga og fjorden, og viste til eit nedlagt deponi, ei villfylling, ei småbåthamn, eit gartneri og ein bilverkstad.

– Vi spør oss jo kva som kunne ha blitt vaska ut i fjorden om denne kraftige flaumen hadde treft berre nokre kilometer lengre nord, seier toksikolog og klimaforskar Torunn Hønsi ved Vestlandsforsking.

Etablering av et nasjonalt kunnskapssenter på klimatilpassing i Sogn og Fjordane
Kor langt er arbeidet kome med nasjonalt kunnskapssenter på klimatilpassing, og kva er førevelse konklusjonar i arbeidet? Dette til Hønsi også fortelje om presentasjonen.

Sogn og Fjordane har potensialet til å fungere som eit ‘levande laboratorium’ for demonstrasjon av konsekvensane klimaendringar har på natur og samfunn og kva tiltak samfunnet kan sette i verk for å omstille seg til å møte desse konsekvensene.

Føremålet med senteret er: (1) Utvikle kunnskapsmiljøet i fylket til å verte blant dei leiande forskingsmiljøa internasjonalt på området bærekraftig klimatilpassing; (2) styrke den forskingsbaserte og brukarrelevante undervisninga på klimaområdet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL); og (3) produsere relevant kunnskap om klimatilpassing til brukere innen privat og offentleg verksemd.

Senteret vil vere i Sogndal og organisert gjennom Vestlandsforsking, med eit nært samarbeid med Høgskulen på Vestlandet - Campus Sogndal; og vil i tillegg involvere ei rekke regionale og nasjonale brukaraktørar i tillegg til nasjonalt og internasjonalt anerkjente forskningsmiljø innen klimatilpassing. Ein sentral samarbeidspartnar vil vere Klimaforum i Sogn og Fjordane.

Alle er velkomne!

NB: Ta med nistepakka på lunsjpresentasjonane, så får du fagleg påfyll i lunsjpausen din! Presentasjonen varer omlag frå 1130-1200.

Skjermbilde 2018-10-02 kl. 12.38.31.png