Back to All Events

TV-aksjonen: Utanforskap

Tid og stad: 10.09, 2. etg Innovasjonsbygget

Vibecke Østby, leiar i TV-aksjonen, og Eiel Holten, avdelingsleiar i Kirkens Bymisjon, kjem til Sogn og Fjordane for å informere om aksjonen. Tema i år er utanforskap. Det råkar folk i alle aldrar og miljø; også i trivselsfylket vårt. Målet er å gjere Noreg til eit meir inkluderande og varmt samfunn - for alle.

Bli med og finn ut kva di bedrift eller organisasjon kan bidra med. Det er mange måtar å engasjere dykk på: Gje bidrag, starte kreative innsamlingsaktivitetar, verve bøsseberarar etc. Det er berre fantasien som avgrensar.

Sogndal: Måndag kl. 15.00 - 16.00 i 2. etasje i Innovasjonsbygget på Campus. Kaffi & noko attåt.

Gje eit signal til fylkesaksjonsleiar Oddrun Midtbø 
Tel.  +47 95 86 17 76sognogfjordane@tvaksjonen.no - seinast søndag kl. 16.00 - om du kan kome.

Skjermbilde 2018-09-06 kl. 09.26.27.png
Earlier Event: September 5
Slik utviklar du din forretningsmodell
Later Event: September 11
Vinje vår mann - rom for ord arrangement