Back to All Events

Slik utviklar du din forretningsmodell

  • FuS 30 Trolladalen Sogndal, Sogn og Fjordane, 6856 Norway (map)

Tid og stad: 05.09, FuS -

Skal du lansere ein ny idé til marknaden for første gong, må du ha tenkt gjennom heile forretningsløpet. Du treng ein forretningsmodell.

Dette er eit introkurs i forretningsmodellering med forretningsutviklar Roger Ulvestad i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Send ein e-post til post@fussogn.no for å melde deg på, eller kontakt oss for meir informasjon.

Forretningsmodellen kjem først

Tenk om du kunne vise planen for bedrifta di og korleis du skal tene pengar på eit ark. Det kan dette kurset hjelpe deg med! Forretningsmodellen skal svare på spørsmål som:

  • Kva skal du levere?
  • Kven er kunden?
  • Kven er vener og konkurrentar?
  • Korleis skal du selge?
  • Korleis skal du ta betalt?
  • Korleis skal du levere?

Vi anbefalar at du startar med å lage ein forretningsmodell i staden for å starte med forretningsplan. Diskuter forretningsmodellen med både medarbeiderne dine og oss i Sogn Næring og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

Banken, potensielle investorar og offentlege støttespelarar vil forlange at du har ein gjennomtenkt forretningsmodell før du kan få finansiering og anna støtte.

Slik lagar du ein forretningsmodell

Det er mange framgangsmåtar for å lage forretningsmodellar. Her er ein metode vi har god erfaring med.

Business Model Canvas-metoden

Business Model Canvas, ofte kalt Osterwalder-modellen, består av 9 ni byggeklossar. Dei hjelper deg å kartlegge kundesegment, verdiløfte, kanalar, kunderelasjonar, inntektsstraum, ressursar, kjerneaktivit, partnarar og kostnader.

Denne videoen viser korleis du lagar ein forretningsmodell etter Business Model Canvas metoden: 

Last ned og skriv ut
Mal: Business Model Canvas (.pptx)

Uansett kva metode du nyttar er det viktig å diskutere forretningsmodellen med  nøkkelmedarbeidarar eller eksterne i fleire omganger. Slik avdekker du styrker og svakheiter med modellen din, og får eit betre grunnlag for å skape ei lønsam bedrift.

Forretningsmodellen skal fungere både som dokumentasjon og skal vere ein dynamisk plan som vert justert i takt med ny kunnskap. Vurder, revider og oppdater forretningsmodellen hyppig.

Earlier Event: August 30
Kurs: Korleis starte nettbutikk
Later Event: September 10
TV-aksjonen: Utanforskap