Skattefrådrag på 24 prosent for å investere i gründerverksemd

Denne ordninga marknadsførte SGNskis til sine potensielle investorar i fjor, og fekk investeringar for millionar inn i bedrifa. Ordninga betyr at investorar som investerte for 100 000 kr fekk attende 24 000 på skatten. Ordninga gjeld investeringar inntil 500 000 kr pr investor.

– Dette er ei gulrot for å få inn fleire investorer inn i gründerselskap, sier Tore Frimanslund, ein av gründerane i skiproduksjonsbedrifra SGNskis, om den nye skattefrådragsordninga som vart innført i 2017. 

Frimandslund tek doktorgrad i entreprenørfinans ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal, og har såleis god greie på kva kva ordningar som finst, men ikkje alle har denne kunnskapen.

Få har nytta seg av skatteordninga
Skatteetatens tal syner at få har teke ordningen i bruk. Ved utgangen av april i år hadde 238 personer fått frådrag på investeringer for til saman vel 34 millionar kroner.

Frimandslund ber om høgare tak
SGN Skis fekk fullteikna ein plan om å hente inn 3,3 millionar kroner i ny kapital på to veker. Den ferske ordningen gjeld berre for dei første 1,5 millionar kroner i ny kapital per år. Alle investorar vert ført opp på ei liste basert på tidspunktet dei teiknar seg i emisjonen, og plasseringen på lista kan verte avgjerande om ein får frådrag eller ikkje.

– Når det skal handle om ein sender inn papira tidleg eller seint på dagen, så treffer ikkje ordninga marknaden skikkeleg. Ei klår oppfordring til politikarne er at grensa bør setjast noko høgare, slik at fleire investorer kan dra nytte av det, sier Frimanslund.

Tore Frimanslund kjem til FUS i septmber for å fortelje meir om skattefrådragsordninga og om arbeidet sitt med om entreprenørfinans. Vel møtt!

Foto: SGNskis

Foto: SGNskis

Guest User