37 Gründermøter i 2017

Sogn Næring, som eig FUS saman med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, hadde gründermøter med 37 ulike gründerar eller personar i tidleg oppstartfase som ville ha bedriftsrådgjeving i år 2017. Fleire av desse fekk tilskot av næringsfondet for å kome i gong med bedrifta si.

Kva får du?
Sogn Næring, som er finansiert av Sogndal- og Leikanger kommune for å følgje opp gründerar og næringsliv, gjev i hovudsak inntil fem timar gratis rettleiing til kvar einskild gründer. I nokre høve vert denne grensa utvida når Sogn Næring har ekstra tru på gründeren og ser at kompetansen vår kan vere avgjerande for at denne personen kjem vidare med prosjektet sitt. Eit av dei viktigaste tilboda til gründerar er nettopp FUS - og det nettverket dei får ved å vere samlokaliset med andre gründerar, næringsliv og verkemiddelapparat.

Verkty
I gründermøter vert Business Model Canvas nytta. Eit gründermøte går gjerne ut på å avklare forventingar, og Sogn Næring spør dei rette spørsmåla for å utfordre gründeren til å kartlegge og snakke med potensielle kundar, konkurrentar og samarbeidspartnarar i første fase. Når dette er gjort møtest vi igjen for å diskutere framdrift og gjer øvingar på økonomi kring framtidig inntening. Saman med gründer vert vi samde om vegen vidare.

Sogn Næring har også arrangert kurs for gründerar i år 2017. Dette er ”frå idè til marknad” i regi av Innovasjon Noreg og er eit kurs med god oppsluttnad. FUS marknadsfører elles aktivt kursa til Driftig i møte med gründerar, som i hovudsak er etablerarkurset over tre samlingar med 7 timar oppfølging, økonomi og rekneskapskurs, marknadsføring m.m.

Sjå kven som fekk løyving av næringsfondet her.

Guest User